BKS Montering As kjøper opp all Sunde Eigedom As sin eigedom, samt produksjonsutstyret til Sunde Industri & Offshore As. Tilsette i bedrifta har også fått tilbod om nytt arbeid i BKS. Overtaking er 21.12.2018.

SIO sunde industri og offshore bks montering

BKS Gruppa opplever for tida sterk vekst innan for sine satsingsområder og har hatt auka behov for produksjonskapasitet.

SIO sin produksjonskapasitet, kai-anlegg og nærleik til BKS sitt eksisterande produksjonsanlegg er viktige element i utvidinga.

Etter utviding kan BKS med sine 200 tilsette, tilby sine kundar produksjon i lokale som samla er på over 5 000 m² over eit eit område på meir enn 20 mål.

BKS gruppa som består av selskapa BKS Industri, BKS Montering, BKS Service og BKS VVS  & Ventilasjon og tilbyr eit bredt utval av tenestar for norsk industri. BKS leverar mellom anna innan marknader som landindustri, offshore, maritim, oppdrettsnæring og bygg og anlegg.

Les meir på Kvinnheringen sine sider her.