BKS Montering har kjøpt 83% av aksjane i Zenit Engineering og er då blitt hovudaksjonær i selskapet.

Zenit Engineering leverer konsulenttenester med kvalifisert ingeniørkompetanse innan maskin, røyr, materialteknologi, IWE sveisesertifisering, design og prosjektkontroll. Zenit Engineering har lang og variert erfaring frå smelteverksindustrien, mekanisk drift, skipsverft, livbåtindustri, skipsutstyrsindustri og offshore. Zenit Engineering har i dag 12 tilsette og er lokalisert med hovudkontor på Husnes og avdelingskontor i Odda.

BKS Montering er ein stor leverandør av tenester og produkt til skips-, prosess-, kraf- offshore- og havbruksnæringa. Innanfor satsingsområde har det vore sterk vekst og det har vore auka behov for ingeniørkapasitet. Zenit Engineering med sin sivil- og ingeniørkompetanse vil vere viktige element i utviklinga av heile BKS gruppa. BKS består av BKS Industri, BKS Montering, BKS Service og BKS VVS & Ventilasjon og tilbyr eit breitt utval av tenester for norsk industri. Zenit Engineering AS vil yta same gode jobben for eksisterande, og nye kundar framover. Les meir om Zenit Engineering her.

Du kan også lese meir på Kvinnheringen sin sak her.